Vil vidare i cupen – Norsk Topphåndball
Foto: Jon Forberg

Vil vidare i cupen

Då Volda for nokre veker sidan møtte Aker på bortebane i serien endte det med 22 -21 til Oslo-laget. På onsdag møtes laga igjen, men denne gangen gjeld det kampen om å gå vidare til kvartfinalen i NM. Kan det vippe Voldas veg denne gangen?

– Vi blei svært skuffa då vi tapte mot Aker sist, men veit at med skikkelig  god støtte frå eit talrikt heimepublikum så alt er muleg på onsdag.

– Vi må ta med oss det positive ut av Storhamar-kampen. F.eks. at vi klarer å skape fleire kontringsmuligheter enn vanleg, og at vi i perioder klarer å halde bra tempo i ankomstfasen. Vi ser at vi fortsatt slit med etablert angrep. 7mot6 spelet i fyrste omgang lykkast vi bra med, men slit meir med det etter pause. Vi må jobbe hardt kvar dag og prøve å utvikle spelet vårt, både i forsvar og i angrep.

– Aker er eit godt lag som stiller med mykje tempo, og har ein god keeper bak eit sterkt 6-0 forsvar. Det er avgjerande at vi lykkast med å opne Aker sitt forsvar, og klarer å sette sjansane. Eg trur og håper at det blir ein jamn og spennande kamp heilt inn til sluttsekunda!

– Vi ønsker veldig gjerne å få oppleve eit NM-eventyr, og håper at vi kan nå så langt som muleg. Det er svært forlokkande om vi kan klare å nå heilt til Final 8 i Arendal, avsluttar Halli.