Continued"/> Ny sjanse på bortebane for Volda – Norsk Topphåndball

Ny sjanse på bortebane for Volda

Så langt i sesongen står Volda med to eittmåls-tap på bortebane. Onsdag er det ny bortekamp, denne gongen mot Sola – som noterte ein sterk heimeseier mot medaljekandidaten Molde førre serierunde.

Skal Volda sikre sesongens første bortepoeng, må angrepsspelet bli betre, meiner trenar Halldor Stefan Haraldsson.

Tekst: Idar Flo. Foto: Marius Beck Dahle.

Først og fremst gler Volda-gjengen seg til å kome i gang med kampar att. – Det er fint å kome i gang igjen etter landslagspausen, seier Haraldsson, som har hatt mykje angrepstrening på programmet:

– Vi har hatt ei veldig god treningsveke sjølv om både Julia og Rakel har vore på landslagssamling. Med mykje spel seks mot seks og fem mot fem på trening håper vi å vise at vi utviklar oss i angrep til møtet med Sola. Vi var ikkje fornøgd med angrepsspelet vårt mot Aker i siste kamp, og håper at vi kan ta nye steg framover på onsdag.

Kampen om poenga blir uansett tøff. Men slik er alle kampar i Rema 1000-ligaen, seier Volda-trenaren.
– Vi møter eit av seriens beste lag, men vi har trua på det vi held på med og fokuserer på vårt eige spel og utvikling. Vi har alltid muligheit til å vinne!

Vi ønskjer Volda og Sola god kamp! Avkast er kl. 18.00 onsdag 5. oktober. Hugs at du kan sjå alle Volda sine bortekampar på TV 2 Play.

Se også Hilde Søyseths elleville kamp mot Aker – med en redningsprosent på 53