Julie Ellingsen klar for Volda! – Norsk Topphåndball

Julie Ellingsen klar for Volda!

Volda Handball kunngjør at Julie Ellingsen – et spennende og ungt håndballtalent – har signert en permanent overgang fra Fredrikstad Ballklubb i eliteserien! Signeringen trer i kraft allerede i dag, og de er i svært fornøyd over at hun blir en del av laget.

Julie er ein venstrehendt høyre back, fødd i 2006, med sterk fysikk, skarpt langskot og eit brennande konkurranseinstinkt – ein spelarprofil som vil løfte Volda sitt angrepsspel. Ho har spelt på høgt nivå med Fredrikstad i eliteserien, og har vist at ho både kan bidra med både mål og bakover i forsvar.

Som ein etablert juniorlandslagsspeler for Noreg (LK06/Juniorjentene) har Julie representert landet i internasjonale samlingar og kampar for juniorlaget – noko som understrekar kor stort talent ho er og kor høge ambisjonar ho har for framtida!

Heile miljøet i Volda Handball kan sjå fram til å sjå Julie i aksjon – dette er ein spelar som vil inspirere både på og utanfor bana, og som passar perfekt inn i satsinga vår!

Reidar har følgjande å legge til.

Vi er svært nøgde med å få Julie til Volda. Vi har følgt henne over tid og sett ei utvikling som passar godt inn i det vi ønskjer å byggje vidare på. Samstundes vil vi rette ein takk til Fredrikstad for ein ryddig og løysingsorientert prosess i samband med overgangen.

Vi gler oss til å få Julie inn i vårt spel, og er trygge på at ho vil tilføre oss ein ny og viktig dynamikk i angrepsspelet.

Velkommen til Volda, Julie – her skal du være med å skape magiske augeblink!