Bergsøy – FEM RE-SIGNERINGER! – Norsk Topphåndball
Resigneringer Bergsøy
Foto: Bergsøy Idrettslag

Bergsøy – FEM RE-SIGNERINGER!

Helgas siger mot Charlottenlund i Trondheim er ikkje einaste glad-nyheiten Bergsøy kan meddele i starten av ny veke. Bergsøy har allereie byrja prosessen med å forme stallen fram mot 2025/2026 sesongen og er glade for å kunne presentere fem re-signeringar på sentrale brikkar på årets Bergsøy-lag!

Petter Eikrem, Emil Raknes, Sigvart Kval, Esben Høiris Bloch og Christopher Ekmann har alle re-signert og er klare for fleire sesongar for Bergsøy handball!

Petter Eikrem meldte før årets sesong permanent overgong frå Spjelkavik til Bergsøy, etter kombinert spel for Spjelkavik i 2. divisjon og Bergsøy i 1. divisjon sesongen 2023/2024. Etter å ha smelt inn 111 mål på 18 kampar for Spjelkavik i 2. divisjon og 48 mål for Bergsøy i 1. divisjon, har Eikrem vist ei rivande utvikling offensivt og produsert 140 mål og 69 assistar på 22 kampar i årets sesong.

Sigvart Kval kom til Bergsøy tett på sesongstart før årets sesong, då Mr. Bergsøy sjølv, Oddvar Johan Roseth fekk den kjedelige nyheita om sesongen var over. Sigvart kom frå ROS IL, og har gjort sakene sine godt i Bergsøy-drakt. På statestikken kan Sigvart vise til 3. flest redningar i divisjonen og ein redningsprosent på 26! Samt har Sigvart Kval bidratt innom yngres-avdelinga som hjelpetrenar for J13 i år!

Den danske duoen i Christopher Ekmann og Esben Høiris Bloch har fått tildelt tittelen «Dansk dynamtikk». Ein dansk duo motstandarar har fått mykje å stri med og publikum i Herøyhallen har fått mykje glede av. Ekmann har stått fram med x-faktor i fleire kampar i år.

Høiris har vore ein viktig spelar både defensivt og offensivt i Bergsøy. X-faktor og aksjonar som ikkje nødvendigvis alltid visast i statestikken gjer at Bergsøy skal få mykje glede av duoen framover i sesongane som kjem!

Emil Raknes er kaptein og veteranen på laget. Ein erfaren figur i gruppa som kom tilbake til Bergsøy til 2022/2023 sesongen og var ein sterk bidragsytar til opprykk i fyrste sesong tilbake. Det er gledelig å sjå at spelarar med lokal tilhørighet ser potensial og vil bidra på veien vidare for å etablere Bergsøy Handball i toppdivisjonane fram i tid.

Foto: Rune Eng


Bergsøy Handball har tatt ein prat med hovudtrenar Peter Pucelj:

«Vi har vore ekstremt heldig i fjor sommer som fikk inn så mange dyktige spelarar, som ikkje berre hadde den nødvendig kvalitet som handballspelar, men også personligheit og haldningar for å være ein del av prosjektet vi har byrja i Bergsøy Handball. I tillegg til å ha ei blanding av lokale spelarar og «den danske handballskule» viser seg å være ein god kombinasjon.

Spelarane er gode førebilete for unge spelarar i klubben, men også lokalt i regionen, og vi er svært tilfreds at fleire av spelarane som re-signerar er aktive i breddeavdelinga hjå Bergsøy Handball.

Eg er difør ekstremt glad for å få moglegheita til å jobbe vidare med dei og bidra til å forbetre miljøet i klubben!