
Ine Fremo – banens beste i sin siste kamp
Volda tok turen østover til Hamar og Innlandet for å møte Storhamar, og det ble en kamp der sunnmøringene hadde føringa fra start til slutt. Likevel var det ikke den store flyten i spillet til noen av lagene, og som i flere av de siste kampene fulgte lagene hverandre tett. I lange perioder av den første omgangen bytta lagene mål, uten at noen fikk skikkelig tak på kampen.
Mot slutten av omgangen fekk Volda nokre enkle kontringar, og det gav utteljing. Det gjorde at bortelaget kunne gå til pause med ei firemålsleiing, 13–17.
Det har ikkje heilt løyst seg i angrepsspelet til Volda dei siste kampane, og flyten har til tider mangla. Men når det først losnar, går det meste på skinner. Storhamar opna den andre omgangen best og sette dei to første måla, og dei første ti minutta heldt heimelaget følge. Deretter tok Volda over kampen for alvor. Ein sterk 20-minuttsperiode sørgde for at sigeren til slutt vart både komfortabel og tydeleg, 22-31.
– Vi må jobbe for å gjere dei gode periodane lengre. Ser ein bort frå kampen mot Aker, har vi avgjort tre av dei fire siste kampane med 15–20 minutt der Volda viser toppnivå.
Aurora vart toppscorar med sju fulltreffarar, medan Ine nok ein gong vart kåra til banens beste. Ho leverte ein solid kamp med fire mål og heile ni assist. Det var òg gledeleg å sjå Mathilde komme tidleg inn i den andre omgangen og notere seg for 50 prosent redningar i denne perioden.
Dette var dessverre siste kampen til Ine i denne omgang. Ho vender tilbake til Byåsen, og skal avslutte sesongen hos dei. Både Ine og Volda har vært strålande fornøgde med oppholdet, og vi er ikkje fremmed for ein retur ved ein seinare anledning.
No ventar Levanger førstkomande laurdag, med tidleg kampstart klokka 15:00. Me gler oss til skikkeleg trøkk i Volda Campus Sparebank 1 Arena – minst like bra som Froskeberget leverte på tribuna i Hamar i dag. Tusen takk for at de tok den lange turen for å heie på oss!
