Bergsøy: – NYSIGNERING! – Norsk Topphåndball
Foto: John Vint

Bergsøy: – NYSIGNERING!

Etter fleire år i Bergen og spel for Viking TIF i 1. divisjon og REMA 1000-ligaen, kan Bergsøy stolt presentere sitt nyaste tilskot i stallen for 1. divisjon 2025/2026: Odin Silseth Tømmerbakk!

I 2021 bestemte Odin seg for å flytte fra Ørsta handball til Bergen og Viking TIF for å satse på handballen. Etter fire år i Viking TIF, har Odin fått erfaring på høgste nivå, samt 1. divisjon og 2. divisjon i Norge. No er neste stopp for den venstrehendte Ørstagutten som visar til 194 centimeter over bakken, Fosnavåg og Bergsøy handball.

Odin Silseth Tømmerbakk blir å sjå i Bergsøy-trøye i sesongen 2025/2026!

Vi har teke ein prat med Bergsøy si nyaste verving og forventningar til komande sesong på nytt lag:

Først og fremst, velkommen tilbake til Sunnmøre og velkommen til Bergsøy, Odin!
Kva type spelar har Bergsøy-publikumet i vente i deg?

På bana vil eg seie at eg er ein sterk forsvarsspelar, samt eg har eit godt auge for spelet.
Framover har et eit variert skott og er ein type spelar som er glad i å sette opp andre om muligheita er der. Samstundes er eg opptatt av å bidra både på og av bana, spesielt i garderoba. Eg sett garderobekultur høgt og det er viktig med god stemning og eit godt samhold for å lykkast på dette nivået – og der ynskjer eg å være ein sterk bidragsyter.

Det er eit par år sidan du sist var på Sunnmøre og spelte, forutan NM-kampen mellom Bergsøy-Viking TIF i 2022 (der Odin scora to mål) då Viking TIF beseira Bergsøy 38-31 i REM Arena Fosnavåg. Kva har du utvikla som spelar i tida di i Bergen?

Eg har teke steg på fleire områder sidan sist eg var heime. Eg har fått mykje erfaring både på og av bana, spesielt har eg blitt meir moden som person og handballspelar. Etter fleire sesongar i 1. divisjon og ein sesong i Rema 1000-ligaen har det gjort meg til ein tryggare spelar, som gjer at eg følar meg trygg på at eg har mykje å bidra med i Bergsøy handball komande sesong!

Og til slutt, kva er ambisjonane dine for dei komande sesongane no når du vendar snuten heimover mot Sunnmøre?

Eg har planar om å fortsette utviklinga mi som handballspelar. Med meir speletid på 1. divisjonsnivå vil eg utvikle det offensive spelet mitt. For lagets del ynskjer eg at vi stadig skal ta nye steg i utviklinga. Bergsøy fullførte ein god sesong i 1. divisjon med ein 6. plass, og vi må vel være så offensiv i hovudet at vi må sikte oss oppover til neste sesong!

Begsøy har teke ein prat med hovudtrenar Peter Pucelj om nyvervinga til Bergsøy:

Vi i Bergsøy er veldig glad for å få Odin inn i Bergsøy-familien og vi ynskjer han velkommen!
Odin er ei svært viktig forsterkning til oss i begge endar av bana. Han er ein sterk forsvarsspelar med god fysikk, samt er han venstrehendt høgreback, som åpnar fleire moglegheitar for oss taktisk i form av kryss-spel og distanseskott fra sin høgreback med sine 194 cm.

Vi ynskjer Odin velkommen til Bergsøy og ser fram til mange gode kampar i REM Arena Fosnavåg!